Tema V24

Topografi og trolldom

Noreg var i tidleg nytid kjend for havmonster, trolldom og farlege malstraumar. Dette er tema i topografiske bøker og reiseskildringar på 1500-, 1600- og 1700-talet. Desse verka viser særleg interesse for Nord-Noreg, ein landsdel som forfattarane meiner er full av vedunderlege naturfenomen. Denne litteraturen tek til med Olaus Magnus’ Historia om de nordiska folken, går igjennom Nordlands Trompet av Petter Dass og når eit toppunkt med Erik Pontoppidans Norges naturlige historie. Den topografiske litteraturen rommar dei fyrste skandinaviske bøkene som blir internasjonalt kjende og omsette til ulike språk. Det fanst flest topografiske verk om Noreg – og denne litteraturen er omtala som startpunktet for ei sjølvstendig norsk litteraturhistorie.

Vi har fokus på desse motiva: Forunderlege fiskeslag og kvalar i havet og Moskstraumen i Lofoten – som var eit av dei meste kjende naturfenomena i Skandinavia i tidleg nytid. Vi undersøkjer også synet på samar i denne tidsperioden. Vi ser til dømes på korleis Peder Claussøn Friis skildrar samane som farlege trollmenn og korleis vi etter kvart får meir realistiske portrett av urfolket i nord. Vi ser òg på korleis den topografiske litteraturen endrar seg gjennom hundreåra: Frå ein litterær strategi med fokus på curiosa, det vedunderlege, til eit fokus på truverde, kredibilitet og rasjonell metode. Vi opnar emnet med å undersøkje spiren til den topografiske sjangeren i det norrøne Kongsspegelen og korleis motiv og sjanger lever vidare i skjønnlitterære verk av Edgar Allan Poe og Herman Melville på 1800-talet og Øyvind Rimbereid i vår tid.

I og med at bøkene er skrivne på eldre skandinaviske språk, les vi berre utdrag av verka. Nokre av desse verka finst i modernisert utgåve, så ein del av pensum er på moderne norsk. Pensum inneheld òg fascinerande kart og illustrasjonar frå tidsperioden.

Av Ronny Spaans
Publisert 27. sep. 2023 11:44 - Sist endret 1. nov. 2023 11:24